Australia

27 01 2011

Tre dagar etter Sørøya reiste me (vertsmora mi Catherine, vertssystera mi Nadia, og eg) til Melbourne i Australia for å vere med på South PAC. Det var ei konkurranse greie med forskjellige skular frå forskjellige land som NZ, Australia, Fiji, Tonga og etc. Det var morosamt å vera ilag med dei frå HSNZ, som eg kjennar i frå tidlegare arrangement i NZ, og å møta mange nye folk. Eg deltok i åtte aktivitetar, og fekk plassering i fire. Det var eg skikkeleg nøgd med, med tanke på at me var fleire hundre studentar! 🙂 Då me var ferdige med South PAC, reiste me inn til Melbourne by for så å vera der nokre få dagar. Det var i Melbourne eg fekk gleda av å møta mitt kjære syskenborn Mali Renate, som for augneblinken bur i Melbourne! 🙂

(Klikk på bileta for større versjon)

This slideshow requires JavaScript.





Tur til Sørøya

26 01 2011

Då har eg endeleg kome tilbake til bloggen min for å skriva nokre få innlegg om sommarferien min så langt (berre 6 dagar igjen no om eg ikkje tek heilt feil). Eg fekk sommarferie i midten av november, så no har eg hatt ferie i meir enn to månadar! Kjenner helst at det blir godt å starta på skulen igjen og møta alle vennane mine der igjen.
Eg starta sommarferien med å reisa ned til Sørøya og vitja nokre femmenningar i Christchurch. Eg var der i om lag fem dagar, og me reiste til ein del fine stadar og eg spelte òg (seriøs) touch rugby for aller fyrste gong! Det var morosamt! Etter opphaldet mitt hjå Fuglestad-familien var over, vart eg med ein organisasjon (NZET) som skulle visa oss studentar rundt om på Sørøya. I byrjinga fekk eg med ein liten nedtur då eg fekk vita at av alle dei 40 studentane var alle utanom to (ein brasilianar og meg) frå Tyskland! Så då gjekk det i tysk nesten heile turen (eg vart i alle fall betre i tysk 😉 ) Den fyrste dagen brukte me på å sjå oss omkring i Christchurch by og vera med på Laserstrike (ein snill versjon av paintball). Så reiste me til Kaikoura der nokre av oss var å symde med delfinar. Det var spesielt, men det var ikkje fullt så morosamt at våtdrakta var så utruleg varm (dei fleste som kjenner meg veit at det ikkje skal så mykje til for at eg er alt for varm), så det førte til at eg delvis måtte sitja med andletet i ei bøtte på vegen heim. Hehe. Eg fann òg ut seinare korleis det er å verta teken av ei bølgje om att og om att  og ikkje vita kva for ein veg som er opp, då eg var med ei av jentene og symja ut i sjøen. Ikkje akkurat det klokaste eg har gjort 🙂 . Neste stopp var Punakaiki/Pancake Rocks med nokre utruleg kule steinformasjonar! I Motueka vart me delt i to i Abel Tasman National Park, der mi gruppe skulle gå inn og bruka kajakk på heimvegen. Eg gløymte sjølvklart å tå på solkrem, så eg var raud som ein tomat i fleire dagar etterpå. På veg til Fox Glacier køyrde me i gjennom tettstaden Greymouth som då var skikkeleg prega av den tragiske mineulukka som hadde vore der berre nokre få dagar før. Veit ikkje om det var noko stort om det heime i Noreg, men det var i alle fall ein ufatteleg stor tragedie her nede. I Fox Glacier vart eg med på ein helikoptertur over Fox Glacier (isbreen). Me stoppa òg på toppen av isbreen, og sjølvklart hadde eg gløymt å ta på meg skikkelige sko, så eg gjekk rundt i snøen med sandalar.  Heller ikkje det klokaste eg har gjort ;). I Wanaka spelte eg skikkeleg rugby for fyrste gong! Touch rugby er berre ein pinglesport i forhald til rugby! Vil nok ikkje spela touch rugby igjen etter å ha vore med på rugby, for det vil berre vera ein skikkelig nedtur. Eg var ikkje så utruleg god når det kom til å springa fram til linja for å score mål eller senda ballen til ein medspelar i den rette augneblinken, men eg fekk jammen meg ein god del av guttane frå det andre laget i marka når eg var i forsvar ;). Gjett om eg ikkje fekk mange blåmerker! Morgonen etter måtte me opp grytidleg for å hoppa i fallskjerm! Trur eigentleg ikkje det gjekk heilt opp for meg før eg var i frifall rett etter å ha hoppa ut av det lille flyet. Det var nokså ekkelt i byrjinga, men etter ei lita stund var det berre morosamt. Fallskjermhopping kan anbefalast! 🙂 Så gjekk turen til eit meir norskliknande landskap: Fiordland. Me køyrde mellom fjellsider på vegen ned til Milford Sound, der me vart med på ein guida båttur rundt «sundet». Det var mykje flott fjell, men ikkje på langt nær så vakkert som Noreg på sitt beste, vil nå eg seia. Det var òg nokre selkoloniar rundt omkring. Me overnatta i båten rett ved sida av Mitre Peak, som er å sjå på portkort rundt om i heile landet. Etter Milford Sound, som sikkert er den mest velkjente staden i New Zealand for nordmenn, reiste me til ekstremsportbyen Queenstown. For meg er dette den finaste byen i New Zealand (av dei eg har vitja). Fyrst var eg med på ein Ringenes Herre safari rundt omkring i området, der me køyrde rundt i ein Jeep og hadde ein guide som viste oss forskjellige stader, fjell, og elver som har vore med i Ringenes Herre. Rett etter safarien var med ein god gjeng som skulle hoppe i strikk. Denne gongen var det 134 meter. Om du ikkje er klar over det så har eg altså høgdeskrekk, sjølv om du kanskje ikkje trur meg sidan eg har hoppa i strikk 2 gonger og òg hoppa i fallskjerm. Kjenslane eg hadde rett etter å ha hoppa frå platået er rett og slett ubeskrivelege. Det kjennest helst ut som om din siste time har kome, for at du så vert redda i siste sekund. Det anbefalast på lik linje med å hoppe i fallskjerm. Berre det store med å hoppe i strikk er at ein må hoppa heilt av seg sjølve. Og det var korleis min tur rundt omring på Sørøya var :). Respekt til deg om du har lese alt dette! 😉

This slideshow requires JavaScript.





Sommarferie :)

16 11 2010

Veit det er lenge sidan sist innlegg, men det er jo eit positivt teikn. Det visar berre at eg har betre ting å gjera her nede enn å sitja med datamaskinen og skriva innlegg. Eg har ikkje gjort så veldig mykje nytt den siste månaden, men eg veit det er mykje som SNART skal skje! Neste tysdag reisar eg ned til Sørøyå, som er veldig lik Noreg med fjell og fjordar o.l. Eg skal vera med ein organisasjon som visar studentar rundt omkring på nesten heile Sørøya i 10-11 dagar. Men eg reisar ned fem dagar tidlegare for å overnatte hjå ein familie med etternamnet Fuglestad. Dei er fjerne slektningar, trur ”ungane” er femmenningane mine (og Ivar Fuglestad Serigstad sine, for dei som ikkje visste at me er i slekt). Møtte den eine jenta då eg var i USA i fjor, så det skal verta morosamt å treffe ho igjen og å møte resten av familien hennar. Då eg kjem heim frå Sørøya skal eg vera heime i om lag 3-4 dagar før med tek turen over til New Zealands vestlege øy: Australia. I Australia skal me vera med på eit opplegg/camp med Home Schooling New Zealand og andre slike skular frå Australia, Fiji, Papua Ny-Guinea og vidare. Campen har namnet South PAC. Der skal studentar konkurrera i forskjellige aktivitetar, og eg skal konkurrera i basketball, volleyball, fotball spark, rugby spark, fotografi og eg har pugga ei bok i Bibelen. Når me er ferdige med det skal me vera att i Melbourne nokre dagar for å utforska byen litt. Eg skal då prøve å få til å møte søskenbarnet mitt i Melbourne. Det hadde vore veldig morosamt! 🙂
Elles har me besøkt hovudstaden Wellington endå ein gong for å vera med i eit bursdagsselskap, vore på ESOL avslutningsfest, fått sumarferie, vertssystera mi Nadia og eg har bada i elva, og eg har vore solbrent. Trur det var nesten alt eg har gjort sidan sist innlegg. I staden for å skriva om det legg eg heller ut nokre bilete av det eg/me har gjort.   

This slideshow requires JavaScript.






Wellington, Auckland og PFC

13 10 2010

Etter mock exams (nesten det same som tentamen) fekk me ferie i to uker. Om måndagen reiste eg og ei veninne til hovudstaden Wellington for å traska litt rundt omkring der. Me gjekk innom nokre museum, den botaniske hagen og kjørte cable car. Det var nok å utforska, og den siste timen i Wellington var me så slitne at me sovna. Om torsdagen måtte me nok ein gong tidleg opp for køyra i retning Auckland, den største byen I New Zealand. Me køyrde til Tokoroa der me vart verande to netter hjå vertsmora mi sine foreldre. Laurdagen brukte me på å reisa innom Buried Village, ein liden maori landsby som vart heilt gravlagd av vulkansk erupsjon mange år sidan. Etterpå køyrde me litt til og kom fram til ein plass der dei hadde eit saueshow. Saueshowet var veldig bra, og er noko eg vil anbefala (sjølv om det er liten sjangs for at du reiser heilt til New Zealand berre for å sjå eit saueshow ;)). Resten av laurdagen og byrjinga av sundagen var me hjå systera til vertsmora mi. Etter at me hadde vore i kyrkja sundags morgon gjekk me oss ein tur opp på Mt Maunganui (har gått litt i surr med alle desse namna, men eg trur det er rett). På toppen var det ei nydelig utsikt, og vêret gjorde det ikkje akkurat verre. Det var den første dagen eg verkeleg har fått kjenne at sumaren er på veg. Sundags ettermiddag kom me fram til familien McGeorge i Auckland, der me overnatta medan PFC føregjekk  og helga etter. PFC står for Preparing For Convention. Convention er noko som føregår ei gong i året, vanlegvis i april. PFC, Convention og South PAC (kjem nok innpå det seinare) er for studentar som er heimeskula. Det er forresten veldig vanleg her. På PFC førebudde studentane seg for Convention, der dei skal konkurrera mot andre studentar. Dei kan gjera mykje forskjellig som for eksempel lesa dikt, dramatisk dialog, skodespel, puppet show, spela instrument og/eller delta i ein sport. Eg vart kjend med mange nye folk, og kan nesten ikkje venta til me reiser til South PAC, som skal vera i Australia, der eg kan møta desse folka igjen 🙂

(Veit det vart litt mange, og ikkje minst trangt, med bilete under slideshowet, men eg tenkte eg kunne leggja ved bileta dersom du har lyst til å ta ein betre kikk på dei)

This slideshow requires JavaScript.





Oppturar og nedturar

15 09 2010

Ville berre dela denne litt spesielle dagen med deg.. Dagen byrja med at eg sykla sørover frå byen (Palmerston North) for å vera med på skyting med nokre andre internasjonale studentar frå ein annan skule i Palmy. Dette fekk eg då høyre om via ein norsk student eg møtte på langt ute i audemarka for om lag halvannan månad sidan. Då eg hadde kome litt over halvvegs stakk eg innom ein matbutikk for å kjøpa noko drikke (er veldig varmt her til å berre vera sumar) og eg såg ein mann med ein hund som gjekk mot ein kafé ikkje langt frå butikken. Då eg kom ut igjen gjekk eg bort til denne mannen for å spørja om hunden var ein Irish Soft Coated Wheaten Terrier (som sikkert nokre av dykk har forstått så er det den same rasen som Tilda, som det ikkje akkurat er alt for mange av). Og selvfølgelig hadde eg rett! 😛 Så eg sat og drøsa med denne mannen i om lag 20-25 minutt. Eg sjølv er mest overraska over meg sjølv som faktisk turte å gå bort til mannen. Men det er vel slike endringar du går igjennom når du er åleine i eit såkalt «ukjent» land. Men eg er ikkje ferdig endå, nei! For når eg kom fram til denne staden der me skulle skyta, fekk eg vite, etter mange turar fram og tilbake frå hus til hus, at eg var på feil stad. Eg, dumme og klønete meg, hadde sykla til vinterbanen. Så då måtte eg berre sei farvel til skyting i dag. Men eg fekk då i det minste sykla meg ein tur og utforska ukjente stader utanfor Palmy. Og eg har faktisk meir å fortelja! Når eg sykla tilbake til byen klarte eg, utruleg klønete meg, å mista mobilen min. Når eg fann ut at eg hadde mista han både gjekk og sykla eg den strekninga der eg kan ha mista han, men eg fann han ikkje. Så då vert det telefon til politiet og håpa for det beste! Eg kan vel trygt seia at denne dagen har vore full av oppturar og nedturar!





Laaanghelg!

14 09 2010

Då var det langhelg! Får fri frå skulen i morgon på grunn av streik. Lærarane går ut i streik fordi regjeringa vil det skal vera 37-38 elevar pr. lærar, noko lærarane selvfølgelig ikkje vil gå med på. Eg har fri på torsdag og fredag fordi me har «study leave», der me får tid til å øva til mock exams, som er noko liknande tentamen. Me har tentamen neste veke (eg har biologi på måndag, fysikk og kjemi på torsdag og fotografi på fredag), og når me er ferdige med tentamen er me òg ferdige med term 3, så då er det ferie i overkant av to uker før term 4.
Dei siste ukene har for det meste gått i skule, men eg har òg vore ein del med venar. På laurdag sykla eg til Palmerston North for å overnatte hjå ei som går i biologi-klassen min, og me laga rosa potetmos. Bilete av den praktfulle maten kjem litt lenger ned på sida. Ellers legg eg ut nokre bilete av nokre av venane mine og noko av det me har gjort i timane.

This slideshow requires JavaScript.






Marae trip

31 08 2010

På onsdag (25.08) var me, ein gjeng med utanlandske studentar, med på ein marae tur. Når me kom fram til staden me skulle vera vart me møtt av ein gjeng med tiandeklassingar. Desse tiandeklassingane var, som oss utanlandske studentar, på denne staden for å læra litt om maoriane sin kultur og levemåte. I byrjinga måtte me sitja og høyra på forskjellige personar som for det meste snakte maori. Etterpå gjekk me inn i huset og vart vist rundt omkring. Då me var ferdige med «sigthseeing» og middagen som me fekk der, fekk me prøva oss på å laga ein blom av eit stort og lang «strå» (veit ikkje heilt kva det heitar, men det er lagt ved bilete av det). Det var ein lærerik dag!

This slideshow requires JavaScript.





Bursdag og Norwegian Formula!

24 08 2010

Bursdagsbornet i djup konsentrasjon med å blåsa ut lysa.

Veit eg har vore litt sløv med å oppdatera bloggen, men det er diverre ikkje det fyrste eg tenkjar på når eg sit med dataen. Litt av kvart har skjedd dei siste tre vekene, som for eksempel: bursdagsfest, Quiz Night, prøve i biologi, skule, vore supporter for Ashhurst sitt rugbylag og meir skule. Og i morgon skal med på Marae tur (kjem forhåpentlegvis eit nytt innlegg om Marae turen om nokre dagar). 
Vertssystera mi fylde 16 år fredag 13. august, så me hadde ein bursdagsfest på laurdagen. Det kom ein heil haug med folk, omtrent 20 stk, så det var faktisk ikkje nok sitjeplassar til alle. Det var mykje eting og sosiale aktivitetar i løpet av kvelden. Då bursdagskaka kom på bordet og lysa skulle blåsast ut fekk me oss alle ei overrasking: lysa ville ikkje sløkjast. Vertssystera mi klarte, eller me alle trudde hu klarte, å blåse ut alle lysa. Men nei, slik var det ikkje, for lysa tende på seg sjølv. Etter fleire minutt med iherdig blåsing måtte vatn til for å sløkkja desse ville ustyrlege lysa.
Quiz Night var noko som fotballaget (jentene) til Freyberg HS hadde stelt i stand. Som du kanskje har forstått var det heile ein stor spørjekonkurranse. Laget mitt bestod av ein person frå Tyskland, Kina, Uruguay og selvfølgelig Norge, så lagnamnet vart «United Nations». Men det me ikkje visste var at det var ein heil drøss av spørsmål om NZ, så det vart litt vanskelig for oss. Ellers var det ein morosam kveld.
Sist laurdag (21.) tok eg meg ein tur til ein av dei mange parkane i Palmerston North for å sjå ei rugbyturnering og heia på dei lokale spelarane. På vegen frå The Square (midt i byen) til parken gjekk eg innom ein daglegvarebutikk. Inni daglegvarebutikken fant eg noko ikkje ringare enn «Norwegian Formula» (har aldri høyrt om det før men eg trur det er ein slags handkrem). Dette måtte berre dokumenterast, så du kan sjå eit bilete av det til venstre. Når eg kom fram til parken vart eg gjenkjent frå hāngien me hadde for nokre veker sidan, og eg fekk dermed innbyding til å koma og sitja med Ashhurst-folka i teltet deira. Eg fekk òg høyra av ein av dei at eg måtte vera galen for å koma og sjå på ei rugbyturnering som varte i seks timar i surt vêr, men eg må vel nesten innrømma at eg kan ver litt galen av og til. Men folka som var der var utruleg greie. For det fyrste så fekk eg gratis mat av dei, og for det andre så vart eg køyrd heim sjølv om ingen skulle tilbake til Ashhurst. Snakk om service!
 
 




Hāngi

4 08 2010
På sundag stod me opp rett før halv seks for å gå bort til ei av dei mange kyrkjene dei har her i Ashhurst for å sjå korleis dei lagar ein hāngi. Då me kom bort te kyrkja såg me at dei (nokon spelarar frå Ashhurst-Pohangina Senior Rugby) hadde laga til eit slags bål. På toppen av bålet hadde dei lagt steinane som skal varma opp maten. Sidan det tek så lang tid å få steinane varme nok, gjekk me heim for litt over ein time. Då me gjekk bort att til kyrkja hadde dei grove ut eit stort hol i bakken. Eg og vertsmora mi bidrog med å rulle fårekjøtt rund eit eller anna. Då steinane var varme nok heiv dei dei oppi holet, og korgene med maten vart stabla oppå steinane. Dei tetta fyrst igjen holet med nokre potetsekkar i tøy, og så jord. Dette skulle liggje i holet i om lag tre og ein halv time, så me tok oss ein tur opp til kyrkja vår (den som me går i kvar sundag), for så å reise tilbake til hāngien igjen etterpå for å sjå når dei lyfta han opp. Når maten hadde vorte lyfta opp avkjølte dei han med å sette han på lasteplanen til ein liten lastebil som kjørte rundt i nabolaget. Her kjem nokre bilete frå hendinga:

Litt rulla fårekjøtt (veit ikkje heilt kva som er inni)

Bålet til venstre og holet til høgre (i tilfelle du ikkje ser forskjell)

Kål som er stabla oppå fårekjøtt

Dei måtte vera raske med å hiva steinane over i holet (dei brukte 7 min)

 
Maten vert plassert oppå steinane

Jord må på toppen for at steinane skal halda seg varme

Maten som er steikt på māori vis





Ashhurst

31 07 2010

Namnet høyrest ikkje heilt forlokkande ut,  men eg tykkjer staden er finare enn han høyrest ut. Det er mange medelevar som seiar at det er ein av dei verste stadane eg kunne ha kome, i alle fall i regionen Manawatu-Wanganui. Det einaste negative er at det berre går buss inn til Palmerston North tre gonger i veka; to gonger på tysdagen og ei på torsdagen, alle medan eg er på skulen. Så om eg vil/må handle noko anna enn matvarer eller vere med på nokre skuleaktivitetar må det mykje planleggjing til. Men staden i seg sjølv er heilt grei, og det har eg tenkt å visa ved å leggja ut nokre få bilete.

This slideshow requires JavaScript.









%d bloggarar likar dette: