New Zealand

Her er noko informasjon om New Zealand, henta frå Wikipedia:

New Zealand eller Ny-Zealand er ein stat i Stillehavet på den sørlege halvkula. Landet er litt større enn Storbritannia og består av to store øyar, kalla Nordøya og Sørøya. Frå nordspissen av Nordøya til sørspissen av Sørøya er det 1600 km. Landet ligg mellom 30 og 50 grader sørleg breidd.

Klima
Klimaet på dei to øyane er ikkje særleg dramatisk, men ofte ustabilt. På breiddegradene der Sørøya ligg har ein svært lite landområde elles på jorda, bortsett frå Patagonia, så den vestlege luftstraumen kan strøyme nesten uforstyrra rundt jorda før den treff New Zealand, som dermed ofte vert råka av frontar. Sidan landet ligg midt i store havområde vert det ikkje så store temperaturendringar i samband med frontane, men ofte kjem det mykje regn og regnbyger, og nedbør som snø i dei høge fjella ein har i heile landet.

New Zealand dekkar ein god avstand frå sør mot nord. Auckland er derfor i middel eit par gradar varmare enn Christchurch. Fjella har ein god del å sei for klimaet. Enkelte område ligg i regnskugge og får så lite som 400 mm nedbør i året. Dei fleste områda får derimot nedbør om lag kvar andre eller tredje dag, og litt meir nedbør om vinteren enn resten av året. Vestsida av øyane er ein god del våtare enn dei større byane, særleg på Sørøya. Hokitika, som ligg på kysten like vest for nasjonalparken Arthur’s Pass, har ein årleg nedbørsnormal på om lag 2800 mm. Isbrear og snø dekkjer fjellkjeda Søralpane der den totale årleg nedbøren (inkludert snøsmelting) kjem over 8000 mm. Snø har ein òg i dei lågareliggande områda på austkysten eit par gongar kvar vinter. Torevêr er sjeldan i dette maritime landet.

Vind er ein viktig klimatisk faktor på New Zealand, og ofte aukar vinden på til kuling gjennom Cooksundet. Av og til kan ein tørr og varm fønvind strøyme ned på austsida av Alpane. Her vert denne vinden kalla «norwester», og den fører ofte til langt mildare forhold om vinteren. Om sommaren kan han gje periodar med uvanleg høge temperaturar. Den mest spektakulære hendinga var då restane av ein tropisk syklon gjekk over Søralpane 7. februar 1973. Christchurch og andre byar fekk då temperaturar opp mot 42 °C, langt over den tidlegare nasjonale varmerekorden.

Nordøya ligg nærare subtropiske strøk og har sjeldan slike temperatursvingingar. Ved havnivå går temperaturen sjeldan under 0 °C eller over 30 °C, men frost er meir vanleg i indre område og dei høge vulkanske toppane er enno kaldare. Dei austlege områda kan kome opp i 35 °C i fønvindsituasjonar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: