Kjents»folk»!

27 07 2010

Eg har hatt den gleda å få møte kjents»folk» her nede i New Zealand! Er ikkje så vanskeleg å få auge på dei når det er 40 millionar av dei i NZ. Men det er godt å sjå sau nesten uansett kvar eg er, for då følar eg meg meir heime med ein gong.
Eg har allereie gått på skule i sju dagar, og det går strålandes. Skulen er nokså annleis, ikkje berre det at dei startar i februar og sluttar i desember, men her tek du berre seks fag i år tolv (fem i år 13), byttar klasserom heile tida, må faktisk høyre etter på kva læraren seiar fordi du ikkje får nokon tekstbok (berre arbeidsbok), og du skriv for hånd. Faga eg tek er matte, engelsk, biologi, kjemi, fysikk og fotografi.
Elevane på Freyberg er faktisk veldig glade/interesserte i utvekslingsstudentar. Berre den fyrste dagen kom det nokon bort til oss (oss = fem tyske utvekslingsstudentar + meg, stakkars einslege nordmann) og spurte om me ville sitte i lag med dei. Og slik har det vore til no, så folka på skulen er veldig greie.





Endeleg framme!

19 07 2010

Då har eg kome meg fram til New Zealand! Har faktisk vore i New Zealand i seks dagar, så tida går. Flyturen var ikkje så ille som eg hadde trudd, kanskje fordi eg sov det meste av han. Eg møtte óg andre som reiste med Explorius og som skulle til NZ, så det gjorde heller ikkje turen noko lenger.
Soft Landing Campen var gøy. Den eine dagen reiste me til ein stad som heitte Mt. Bruce, der me såg fleire forskjellige new zealandske fuglar (ikkje minst nasjonalfuglen Kiwi, som new zealanderane er oppkalt etter). Den andre dagen reiste me til Mokai Gravity Canyon, og der tok me fyrst Flying Fox og så Bungy Jump. Bungy Jumpen var det som sette i gang adrenalinet sjå meg. 
I dag byrja eg på skulen, men det var ikkje så ille fordi eg var i lag med fem andre utvekslingsstudentar frå Tyskland og hadde ein slags orientation, så eg fekk ein mjuk start på skuleåret.





Flybillett

8 06 2010

Eg fekk flybilletten i dag, og her kan du sjå korleis eg skal reisa til New Zealand:

(Trykk på biletet for å sjå ein større versjon)

På flybilletten stod det òg at eg reiser heim frå New Zealand den 17. mai, så det kjem nok til å bli stor 17. mai feiring på flyturen heim. Er heime i Noreg 18. mai, så då startar vel min sumarferie.. 🙂





Vertsfamilie

6 06 2010

Då har eg endeleg fått vertsfamilie! Familien Duxfield i Ashhurst, som ligg rett utanfor byen Palmerston North der skulen ligg, kjem no til å få slita med meg i nesten eit heilt år. Vertsforeldra Graham og Catherine har tre jenter på 22, 20 og 15 år.





Skuleplass

2 06 2010
I går fekk eg altså vite at eg skal gå på Freyberg High School i Palmerston North på Nordøya. Palmerston North har om lag 80 000 innbyggjarar, så det er jo “litt” større enn Bjerkreim. Byen vert kalla for ein studentby, sidan meir enn halvparten av innbyggjarane er under 25 år. Ikkje feil, nei! Skulen er visst rangert som den beste innan regionen, så det er ikkje verst. Ut ifrå heimesida til skulen er eg ikkje sikker på om eg treng å gå med skuleuniform. Veit ikkje heilt kva eg eigentleg hopar på, for det hadde jo vore utruleg greitt å sleppe å tenkje på kva eg skal ha på meg når eg skal på skulen, men så er det jo det at eg ikkje heilt klarar å sjå føre meg sjølv med skjørt og greier. Men det vert berre å sjå korleis det vert. Det som er litt kult er at dei har årbok, så der er eg heldig! 🙂

Freyberg High School





Halvvegs i nedtellinga

31 05 2010

Då eg fekk vite datoen for avreise var det 84 dagar igjen. No er det berre 42 dagar igjen! Eg er allereie halvvegs i nedtellinga! Tida har gått så fort, og eg reknar med at dei siste dagane før avreise kjem til å gå endå fortare. 🙂





Fyrste innlegg!

25 05 2010

Dette er då mitt fyrste innlegg! Eg har endeleg skaffa meg ein blogg, noko eg må ha når eg skal vera utvekslingsstudent. Forventningane til denne bloggen bør ikkje vera for store, for eg har aldri hatt ein blogg før. Men eg får prøva så godt eg kan, og gjera det beste ut av det. Reknar med at det kjem med tida! 🙂








%d bloggarar likar dette: