Hāngi

4 08 2010
På sundag stod me opp rett før halv seks for å gå bort til ei av dei mange kyrkjene dei har her i Ashhurst for å sjå korleis dei lagar ein hāngi. Då me kom bort te kyrkja såg me at dei (nokon spelarar frå Ashhurst-Pohangina Senior Rugby) hadde laga til eit slags bål. På toppen av bålet hadde dei lagt steinane som skal varma opp maten. Sidan det tek så lang tid å få steinane varme nok, gjekk me heim for litt over ein time. Då me gjekk bort att til kyrkja hadde dei grove ut eit stort hol i bakken. Eg og vertsmora mi bidrog med å rulle fårekjøtt rund eit eller anna. Då steinane var varme nok heiv dei dei oppi holet, og korgene med maten vart stabla oppå steinane. Dei tetta fyrst igjen holet med nokre potetsekkar i tøy, og så jord. Dette skulle liggje i holet i om lag tre og ein halv time, så me tok oss ein tur opp til kyrkja vår (den som me går i kvar sundag), for så å reise tilbake til hāngien igjen etterpå for å sjå når dei lyfta han opp. Når maten hadde vorte lyfta opp avkjølte dei han med å sette han på lasteplanen til ein liten lastebil som kjørte rundt i nabolaget. Her kjem nokre bilete frå hendinga:

Litt rulla fårekjøtt (veit ikkje heilt kva som er inni)

Bålet til venstre og holet til høgre (i tilfelle du ikkje ser forskjell)

Kål som er stabla oppå fårekjøtt

Dei måtte vera raske med å hiva steinane over i holet (dei brukte 7 min)

 
Maten vert plassert oppå steinane

Jord må på toppen for at steinane skal halda seg varme

Maten som er steikt på māori vis


Handlingar

Information

8 responses

5 08 2010
Storesøss

Smakte du på maten ell?

5 08 2010
Tante og Onkel Dala

Hørtes spennende ut,Var det godt?

5 08 2010
rosmariinz

Ja, eg smakte på maden.. E litt vanskelig å beskriva kossen det smakte (derfor eg ikkje skreiv någe om det i innlegget)..
Det va ikkje så veldig store forskjell frå sånn som det smage når du tilberede maden te vanligt, men det seie vel litt at eg klarte å få i meg sauakjødet 😉 Men eg åd te eg blei mette..

5 08 2010
maria

😀 😀 😀

8 08 2010
Storesøss

Jøss. J r imponert. Nye takter fra deg. Tihi!

9 08 2010
Mamma

Hei jenta mi.
Det er med stor interesse og med full beundring jeg leser det du skriver her i bloggen din.Du får sikkert et opplevelsesrikt år med mange gode minner i bagasjen når tiden er inne for å reise hjem igjen.Kan tro du kommer til å ha mye å fortelle.Det som imponerer meg mest er hva du er istand til å få ut av opplevelsene dine,viljen din til å prøve og motet til å bli med på nye ting.Du har nå alltid vært både vitebegjærlig,pliktoppfyllende og opplyst så du står jo ikke tilbake for noe.Jeg er utrolig stolt av deg og det er med stor glede jeg studerer bildene dine.Håper du fortsatt vil ha det fint der nede og jeg tenker mye på deg og savner deg.Glad i deg jenta mi.Stor klem fra mamma

11 08 2010
Frithjof

Dette må me prøva i Bjerkrei når du kjæme heim igjen!!

15 08 2010
Emilie

så utrolig spennende:)

Legg att svar til Mamma Avbryt svar